@lettosprey @hildeaustlid @vl @forteller Samd i at sitatet du trekk fram kan nyanserast, men den andre delen av same argumentet er meir tydeleg:

Om vi legg opp til at alle bilar (med og utan HC-bevis) skal kunne køyre overalt, så er resultatet ein by der endå fleire ikkje kan utanfor døra si, eller i beste fall berre frå dør til dør.

Folk med multihandicap treng større rørslefridom, så gi bilane deira fleire tilgangar enn den jamne sjåfør. Og slå hardare ned på alle som “berre skal”.